9. Avslutning

Jens Evensen sluttet som dommer i Haag i 1994, etter å ha sittet i de reglementerte ni år. Han var da en sliten mann, men han trivdes fortsatt i Asker, hvor han hadde eiendommen sin, og sin elskede Sylvei. En vinternatt i 2004 sto han opp og gikk ut i hagen. Her snublet han. Sylvei og sønnen Jens jr. fikk ham opp og på sykehus. Han døde 15. februar 2004.

Den anerkjente Arbeiderpartipolitiker og stortingsmann Einar Førde hadde en fast kommentarspalte i Bergens Tidende. Her skrev han 25. februar 2004 bl.a. følgende i forbindelse med bisettelsen i Asker kirke:

”Eg møtte Jens Evensen første gongen i samband med saka mot den greske juntaen for den europeiske menneskerettskommisjonen. Dei greske oberstane var arrogante, kunnskapslause og hadde grenselaus tillit til si fysiske militære makt. Det må ha undra dei mykje at ein jurist frå eit lite, ubetydeleg land greidde å plage dei så mykje. Men eg såg for første gongen ei ny side ved jus og folkerett. I Jens Evensens hender vart dei effektive våpen i den politiske kampen mot undertrykking og diktatur. Olje og havrett er stikkorda for dei største nasjonale børene vårt land bar fram i det førre hundreåret. Som ingen annan sette Jens Evensen sitt personlege merke på desse banebrytande endringane for det norske samfunnet. Jens Evensen var medviten om sine eigne kvalitetar og krefter. Han var velståande og dermed uavhengig. Han var ein stridsmann som fekk mange uvener. Det vidunderlege med store menn og kvinner er at dei har sterke og svake sider som alle oss andre. Jens Evensen vart ein gamal mann. I sine siste år var han trøyt og med liten kontakt med andre enn familien. Eg sat i Asker kirke og tenkte over kor snøgt det går å bli gløymt. Vil du ha ei storslagen jordferd med mange deltakarar, er det best å døy relativt ung. Det vart ein fin avskil med Jens Evensen, men eg sat og funderte over kriteria for at du skal bli gravlagd på statens kostnad. Eg har talt i gravferda til Leif Juster og mange andre som har blitt synt den æra. Ingen ser ut til å ha tenkt tanken på kva banebrytande tenester Jens Evensen har ytt oss alle.”